Velkomen til vintermagi i fjærland

Fjærland kan by på ei rekke spektakulære opplevingar frå toppturar på majestetiske fjell med fjordutsikt, til kajakkpadling, fjordsauna, fjellski, langrenn, museumsbesøk, bokbyen og hesteriding og med overnatting på eit historisk hotel eller koselege hytter langs fjorden.

For vinteropplevingar i vakre Fjærland; kontakt Norsk Bremuseum på post@bre.museum.no.


Topptur i Fjærland i majestetiske landskap (Foto: Pål G. Kielland)

Topptur i Fjærland i majestetiske landskap (Foto: Pål H. Kielland)

Topptur

Fjella i området kring Fjærland byr på spennande og flotte toppturar innanfor eit breitt spekter av vanskegradar. Det finst fleire skiguidingsverksemder som kjenner desse områda særs godt.

Breogfjell

Sogndal Lodge & Guiding


Fjordsauna i Fjærland

Sauna på Fjærlandsfjorden

Dampen

Har du prøvd Dampen? Dampen er ein flytande sauna på vakre Fjærlandsfjorden. Der kan du slappe av og nyte den fantastiske utsikta til dei bratte fjella, breane og den grøne fjorden både sommar og vinter. Når du treng å bli avkjølt, hoppar du ut i det kalde gode brevatnet. Ei fantastisk oppleving!


Vinter ved Norsk Bremuseum i Fjærland

Norsk Bremuseum i vinternatt.

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum held ope for grupper på førespurnad vinterstid. Her kan du sjå våre flotte panoramafilm om Jostedalsbreen Nasjonalpark og lære mykje om bre og klima. Ta kontakt for prisar og opningstid.


Fjærland Fjordstove Hotell

Fjærland Fjordstove Hotell

Fjærland fjordstove hotell

Kva er betre enn å overnatte på eit historisk hotell medan du utforskar det Fjærland har å tilby om vintaren? Dette er eit kosleg og venleg lite hotel ved fjorden i Mundal. Frukost, lunsj og middag. Lokal mat og lokalt øl får du hjå Fjærland Fjordstove Hotell.


Utforsk eit lokalt skitrekk

Utforsk eit lokalt skitrekk

Skisenter

Fjærland ligg sentralt plassert dersom du likar å stå på ski. I ein radius på under 60 min køyring så kan du nå i heile tre ulike skisenter herifrå:

Sogndal skisenter – Hodlekve – ligg berre 25 min køyring frå Fjærland. Her finn du løyper i ulik vanskegrad, og barnetrekk for dei minste.

Sogn Skisenter – Heggmyrane – ligg ca 50 min køyring frå Fjærland. Her finn du eit skisenter som byr på utfordringar for alle, alt frå trygge barnebakkar til varierte utfordring for den meir røynde skiløparen. Likar du frikøyring byr Heggmyrane på dette også.

Jølster skisenter – Bjørkelia - ligg ca. 55 min køyring frå Fjærland. Her finn ein løyper med varierande vanskegrad og passar for både vaksne og barn. Samla lengde på dei preparerte skiløypene her er 4000 m!


Den Norske Bokbyen

Den Norske Bokbyen.

Den Norske Bokbyen

Velkomen til verdast koselegaste bokby! Ta kontakt ved interesse, så får du moglegheita til å dykke nedi ei fantastisk bokverd.


Langrenn

Langrennsløyper finst kort veg frå Fjærland

Langrennsløyper finst kort veg frå Fjærland

Fjærland ligg også sentralt til dersom du likar å gå langrenn. Når snøforholda tillèt det, er det oppkøyrte løyper i Mundal eller på Bøyane her i Fjærland. Løypa er ca. 4 km lang i lett terreng.

Både i Sogndalsdalen, Luster og Jølster finn du flotte oppkøyrte løyper – både lysløyper og fjellløyper av varierande lengder. Her kan ein suse av garde og nyte opplevinga i vill, vakker natur.


Lustrabadet er kjempegøy for barn (Foto: Thomas Morell)

Lustrabadet er kjempegøy for barn (Foto: Thomas Morell)

Lustrabadet

Ein tur til eit badeanlegg er ein sikker vinnar, både for store og små. Ein liten times køyring frå Fjærland finn du Lustrabadet, eit av Noregs flottaste badeanlegg. Her finn du 2 barnebasseng, sklier, 25 m basseng, velværeavdeling med grotte, varmebasseng, badstover og utekulpar. Viss ikkje det høyrest fantastisk ut, så veit ikkje vi.


Idrettssenteret i sogndal

Sogndal klatresenter

Idrettssenteret i Sogndal

Om lag 30 minutt køyring frå Fjærland, finn du Idrettssenteret i Sogndal. Her er det klatrevegg, buldremoglegheitar og eit topp moderne treningssenter.