ei aktiv og fredeleg bygd

Fjærland er området rundt Fjærlandsfjorden, som er ein nordgåande arm av Sognefjorden. Me har om lag 275 sjølvstendige og iderike innbyggjarar, og høyrer i dag til Sogndal kommune. Sentrum i Fjærland er Mundal, om lag 3km frå hovudvegen, langs fjorden. Turisme og landbruk er dei største næringane i Fjærland.


Mundal

Fjærland har busetnad tilbake til vikingtida, men det er gjort funn tilbake til yngre steinalder. Folketalet har variert gjennom historia, og som elles i Noreg var det stor utflytting til Amerika rundt førre århundreskiftet. I Mundal ligg dei fleste bustadene, skulen, kyrkja, butikk, hotell og andre tenester. Kyrkja vart bygd i 1861 og ombygd i 1931, og er opa for publikum om sumaren. I Mundal finn du òg Den norske bokbyen, som er ei samling bruktbokbutikkar i mange ulike lokale. Bokbyen opna i 1996, og var då den åttande bokbyen i verda og den fyrste i Skandinavia.

Gardane i Fjærland er store og lettdrivne etter vestlandsk målestokk. Jordsmonnet og klimaet høver godt for grasdyrking, og dermed for husdyrhald. Det er fjellbeite i alle sidedalane i Fjærland, og gamle stølar står att mange stader. Sjølv om stølane ikkje er i bruk lenger, er stølsvegane vortne fine turstiar.

 

Natur og landskap

Landskapet i Fjærland har vorte forma av isbreane gjennom fleire istider dei siste 2,5-3 millionar åra. Ruvande fjell og U-dalar omkransar store elvesletter, som er resultatet av avsetjingar frå breelvane. Dette gjev god landbruksjord og eit særprega landskap. Vintrane her er ofte snørike, og inviterer til pudderfest og akedagar. 

Bøyabreen og Supphellebreen kjem ned i dalbotnen i Fjærland. Dei er to av brearmane til Jostedalsbreen, som er den største isbreen på det europeiske fastlandet (474km²). Bretungene glir nedover fjellsida med ein fart på om lag 2 meter for dagen - noko av det raskaste i Noreg. Nedste Supphellebreen ligg 60m over havnivå, og er med det den lågastliggjande breen i Sør-Noreg. Deler av Fjærland ligg innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark, som dekkjer 1310km². Nasjonalparken er kjenneteikna av stor variasjon innan korte avstandar, frå fjordar via låglende til fjell og brear. Knapt nokon stad i verda er det kortare avstand mellom fjord og bre enn i Fjærland.

Jostedalsbreen har vore brukt som transportrute i fleire hundre år. Ein av dei mest populære turane i synste delen av Jostedalsbreen er mellom Lunde i Jølster og Fjærland.

Elvedeltaet Bøyaøyri ved enden av Fjærlandfjorden er eit naturreservat, på grunn av kor viktig deltaet er for fugletrekket vår og haust. Over 100 fugleartar er observerte, og rundt 50 av dei hekkar i området.

 

Turisme

Hotel Mundal, bygd 1891

Hotel Mundal, bygd 1891

Mykje av næringslivet er retta mot turismen, som har lange tradisjonar i Fjærland. Sidan slutten av 1800-talet har reisande kome for å sjå fjorden, fjella og breane.

Fjærland - eit internasjonalt reisemål i meir enn 100 år.

Dei fyrste åra kom mange cruiseskip med turistar til Fjærland, der dei vart frakta med hest og kjerre inn til breane. I dag går desse rundturane med buss. Nokre cruiseskip, ei stor mengd bussar og individuelle reisande kjem til Fjærland kvar sumar, og i stigande grad om vinteren òg. Det er særleg den strålande naturen, roa, breane og turane som gledar folk. Stien frå Supphelledalen opp til Flatbrehytta, som ligg på 1000 meters høgd, er ein av dei beste innfallsportane til breane. I tillegg vedlikeheld idrettslaget 10 merka turar av ulik vanskegrad, frå lette halvtimesturar til krevjande turar på 5-6 timar. På Norsk bremuseum kan du òg læra meir om brear og natur.

 

å koma til og frå

Småbåtkaia i Mundal sentrum.  Foto: Claudia Neubert

Småbåtkaia i Mundal sentrum. 
Foto: Claudia Neubert

Inntil 1985 var fjorden einaste vegen til Fjærland. I 1986 opna Walter F. Mondale, av fjærlansslekt og tidlegare visepresident i USA, vegen nordover mot Skei. I 1994 vart vegen sørover mot Sogndal opna, og Fjærland vart med det lett tilgjengeleg frå fleire kantar. 

I dag er det dagleg bussamband mellom Fjærland og til dømes Oslo, Bergen, Flåm, Sogndal, Stryn og Førde. På sumarstid er det passasjerbåttrafikk mellom Fjærland, Hella og Balestrand, som korresponderer med ferje til Vangsnes/Vik, og snøggbåtrute til og frå Bergen og Flåm.

Ein eigen brebuss korresponderer med passasjerbåten frå Balestrand, og tek deg på rundtur til det prisløna opplevingssenteret Norsk bremuseum. Frå museet held bussen fram til breane, før han går tilbake til kaia.

Sjå alle rutetabellar og reiseinformasjon på kringom.no.

Videoen over er laga av Live Henriette. Instagram @livehenriette, Youtube LiveHenriette og Facebook Livehenriette.com.