Kortreist mat og roleg liv - dette er Fjærland

I Fjærland har vi to vakre trehotel attmed fjorden. Det klassiske Hotel Mundal vart bygd i 1891, medan Fjærland Fjordstove Hotell (opprinneleg eit gjestehus) kom i 1937. Like ved Norsk Bremuseum og Bøyaøyri naturreservat ligg Bøyum camping, som stod klar i 1994. Her er det fleire hytter, rom og plassar for telting og camping. Utover fjorden, frå Mundal og heilt til vegen endar ved Jordal, finst det mange moglegheiter for leige av hytter og gamaldagse hus.

Nordover mot Jostedalsbreen finst det også moglegheiter for lokal kortreist mat og overnatting. Det er hytter til leige ved Bøyum og heilt framme i Bøyadalen ligg restauranten og souvenirbutikken Brævasshytta nydeleg plassert ved brevatntet. Her du får spektakulær utsikt mot den mektige Bøyabreen, og moglegheiter for tradisjonell mat og lokale produkt.


Fjærland Fjordstove Hotell - Eit kosleg og venleg lite hotel ved fjorden i Mundal. Frukost, lunsj og middag. Lokal mat og lokalt øl.


Bøyum Camping - Ein moderne og lokaldreven campingplass midt mellom fjorden og Jostedalsbreen. Kiosk, pizza og catering.


18954793_10155381424654609_4308034861527091232_o.jpg

Brævasshytta -  Restaurant og suvenirbutikk med panoramautsikt til Bøyabreen. Norsk tradisjonsmat med lokalt forankra oppskrifter. Lokalt laga handarbeid i suvenirbutikken. Lokalt øl.


Rødseter Inn

Rødseter Gjestegård - Overnatting i autentiske gardshus frå 1800-talet med historie stil og sjarm. Lokal mat, rolege omgjevnader, ein unik atmosfære og ein moglegheit til å rydde tankane.


Fredheim Apartment - Fin leiligheit like ved fjorden i Mundal.


Fjærland Hytter - Koselege hytter til leige langs fjorden frå Mundal til Jordal.

 


Flatbrehytta

Flatbrehytta - Overnatting i høgfjellshytte med spektakulær utsikt, sengeplass til 18 personar. Krevjande fottur på 4-6 timar, tur/retur.


Inkåleisn Kafé - Midt i hjarta av Bokbyen i Mundal. Ferskbrygga kaffi og deilig mat på menyen.


Hansali Holiday Home - Hansali Holiday Home tilbyr overnatting på Bøyum i Fjærland. Gratis parkering.


Hotel Mundal - Trehotel frå 1891 i Mundal, sentrum i Fjærland. Lunsj og middag.

NB: Hotel Mundal er stengt i inntil vidare på grunn av renovasjon.