Hus og arbeid i Fjærland

Det du treng for å bu hjå oss

 

Arbeid

Det viktigaste for å kunna bu ein plass, er hus og arbeid. Hjå oss kan du få båe delar - les meir under.

Fjærland ligg godt plassert for å få seg jobb, både i og utanfor bygda. Det er fleire framgangsmåtar for å skaffa seg arbeid. Ofte er det beste å møte opp hjå moglege arbeidsgjevarar, eller sjølvsagt skriva søknader på dei jobbane som er lyste ut. I nærområdet vårt, Sogn og Sunnfjord, er det mange ledige jobbar innan til dømes

  • bygg og anlegg

  • helse

  • turisme og guiding, både vinter og sumar

  • sjå elles ledige stillingar i nærområdet på Finn eller Nav

Det ligg òg til rette for å skapa sin eigen jobb, spesielt innan naturbaserte næringar. La oss kasta fram ein av fleire idear: Det er fullt mogleg å livnæra seg som til dømes næringsbirøktar, kanskje kombinert med guiding på vintertid. Alle kreative yrke vil òg trivast godt i Fjærland. Kunst og litteratur trivst godt i kunst- og bokbyen Fjærland. Mange tidlegare tilsette i bokbyen er i dag forfattarar.

Dei som kjem med idear til oss, blir godt mottekne. Fjærland har eit fungerande lokaldemokrati som har vore med på å lyfta fram dei fleste av attraksjonane og arbeidsplassane som er her i dag. Me er gjerne med på å setja deg i gang.

 

hus

Fleire familiar har valt Fjærland som plassen dei vil slå seg til. Det finst oftast ledige tomter og hus, sjølv om dei ikkje alltid er annonserte - ta kontakt med oss for å få hjelp til å finna ein stad å bu. Me har ei eiga gruppe som jobbar berre med å skaffa deg hus, anten det er mellombels eller meir permanent.

Hjå oss finn du eit lite, triveleg og spesielt samfunn, fine oppvekstvilkår og ein plass der du ikkje forsvinn i mengda. Du har noko å seia her, og me set pris på det akkurat du har å koma med.