Utleige el-sykkel

I Fjærland kan du suse rundt på relativt flate vegar langs fjorden eller i dalbotnen, med bratte og råe fjellsider og brear kring deg.

El-syklane leigast ut på dagsbasis. Pick-up er på Homrane eller i Mundal mellom 09.30 og 10.00.



Dampen

Dampen. Foto: Fjærland Guiding

Har du prøvd Dampen? Dampen er ein flytande sauna på vakre Fjærlandsfjorden. Der kan du slappe av og nyte den fantastiske utsikta til dei bratte fjella, breane og den grøne fjorden både sommar og vinter. Når du treng å bli avkjølt, hoppar du ut i det kalde gode brevatnet. Ei fantastisk oppleving!


SJå breane

Bøyabreen. Foto: Gaute D. Bøyum

Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og har fleire brearmar som flyt ut i ulike retningar. I Fjærland kan du koma deg veldig nært to av desse brearmane, nemleg Bøyabreen og Supphellebreen.


Breturar

Spennande blåis. Foto: Pål G. Kielland

På fleire av brearmane til Jostedalsbreen blir det i sommarhalvåret dagleg arrangert brevandring med røynde breførarar. I Fjærland kan du gå tur på Flatbreen; ein krevjande, men flott tur der oppstigninga til Flatbrehytta er på nesten tusen høgdemeter. Snillare breturar finst til dømes på Haugabreen i Jølster eller Nigardsbreen i Jostedalen.


Vandring

Vandring ved Supphellebreen. Foto Pål G. Kielland

Vandring i Fjærlandsfjella eller i dei frodige dalane i låglandet gjev deg eit breitt spekter av turmoglegheiter. Lokale guidar tilbyr dei ekstra ingrediensane du søkjer for å få ei heilt spesiell oppleving. Fjærland er ein av få plassar på planeten der du kan sjå bre, fjord og fjell på same tid.


Kajakk & båt

Kajakk på Fjærlandsfjorden. Foto: Gaute D. Bøyum

Kajakkpadling på den rolege Fjærlandsfjorden er ein aktivitet som bør opplevast om sommaren, gjerne saman med Fjærland Guiding! Andre båtaktivitetar på fjorden er mogleg hjå Fjærland Fjordstove Hotel. Dette kan vera robåt til utleige, personleg fiskeguide, eller guida båttur til isolerte og historiske fjordbygder i Fjærlandsfjorden.


Ski

På jakt etter den finaste laussnøen. Foto: Pål G. Kielland

Vinteren er full av gleder i det kvite elementet. Her kan du gå langrenn, topptur eller ha det gøy i eit lokalt alpinanlegg. I og kring Fjærland finst det spennande moglegheitar og vanskegradar som passar for alle.


Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum. Foto Gaute D. Bøyum

 Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte. Panoramafilm, klimautstilling, utandørs leikepark for born, kafé, gratis parkering, nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.


Den Norske Bokbyen

Bøker og fjord. Foto: Den Norske Bokbyen

I Mundal finn du Den norske bokbyen med fleire utsal av brukte bøker. Fleire kilometer velsorterte bokhyller i særprega og spennande bokutsal. Bokbyen har litteratur for ein kvar smak, og alle aldrar, i tillegg til kreative aktivitetar for store og små. Bokbyen opna i 1996  som den åttande internasjonale bokbyen i verda og den fyrste i Skandinavia.

 


Sykkel

Sykkel i Mundal. Foto: Den Norske Bokbyen

Det er fine moglegheiter for sykling i Fjærland. Det er i tillegg bra for helsa og bra for miljøet. Sykkel til utleige finn hjå Bøyum Camping, like ved Norsk Bremuseum.

Kr. 40,- pr.time.

Kr. 200,- pr.dag.


Elvefiske

Elvefiske under breen i Fjærland.

Fisking i elvane er mogleg mellom 1 juli og 31 august. Fiskekort kan kjøpast hjå Bøyum Camping.


Flatbrehytta

Flatbrehytta i Fjærland. Foto: Gaute D. Bøyum

Flatbrehytta ligg 1000 meter over fjorden og like ved sida av den mektige Flatbreen. Utsikta til både fjord og bre på same tid er verkeleg upåklageleg! Turen opp til hytta er spektakulær, delvis bratt og fysisk krevjande. Vi rår alle turgåarar til å vurdere sin eigen fysikk eller å leige guide.

Tidsbruk: 2-4 timar opp og 2-3 timar ned (totalt 4-7 timar).


Brebussen

Rundtur til breane. Foto: Pål G. Kielland

Brebussen har ein avgang kvar dag i perioden 01.06-15.09. Bussen korresponderar med turistbåten som kjem frå Balestrand. Ruta går frå Mundal kai til Bøyabreen og attende til kaien. Undervegs stoggar bussen ved Norsk bremuseum i 1 times tid, som du kan besøkje mot betaling. I høgsesongen om sommaren er det engelsktalande guide ombord.


Fjord- Og Brecruise

Fjord- og brecruisen kjem til Mundal. Foto: Finn Loftesnes

Fjord- og brecruise på Fjærlandsfjorden går mellom Fjærland og Balestrand i juni, juli, august og september (15.sept). Dette er ein passasjerbåt med korrespondanse til Sogndal/Flåm og Bergen.

 Trykk på knappen for rutetider.


Bøyaøyri Naturreservat

Luftfoto av deltaet i Fjærland. Foto: Norsk Bremuseum

 Bøyaøyri er eit elvedelta inst i Fjærlandsfjorden og er verna som naturreservat. Dette er eit våtmarksområde der opp til 100 ulike fugleartar er observerte. 50 av desse artane nyttar området til hekking.

 


Balestrand fjord angling

Fjordmagi i Balestrand. Foto: Balestrand Fjord Angling

Fjordmagi i Balestrand. Foto: Balestrand Fjord Angling

Nokre mil ut i Fjærlandsfjorden ligg nabobygda Balestrand, kor kaptein Tor held til med aktivitetar som fjordfiske, fjordsafari, sykling og trugeturar.