Informasjonskapslar

Dei aller fleste nettsidene i dag nyttar såkalla informasjonskapslar eller cookies. Ein infokapsel er ei lita tekstfil som inneheld ei rad teikn som vert sende til datamaskina di når du vitjar ein nettstad. Når du vitjar nettstaden på nytt, hjelper infokapselen nettstaden å kjenna att nettlesaren din. Informasjonskapslar kan lagra brukarinnstillingar og annan informasjon.
Du kan stilla inn nettlesaren din til å avvisa alle infokapslar, eller for å visa når ein informasjonskapsel vert send. Av og til fungerer ikkje nettstaden heilt utan infokapslar.
Den reviderte ekomlova (Lov om elektronisk kommunikasjon) krev at nettsider informerer publikum om korleis dei brukar informasjonskapslar (cookies). Den såkalla «cookieparagrafen» seier:

§ 2-7b Bruk av informasjonskapsler/cookies

Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:

  1. utelukkende for det formål å overføre kommunikasjon i et elektronisk kommunikasjonsnett
  2. som er nødvendig for å levere en informasjonssamfunnstjeneste etter brukerens uttrykkelige forespørsel.

Fjaerland.org brukar Google analytics til å laga infokapslar.
Google analytics er analyseverktøyet til Google. Det hjelper innehavarar av nettstadar og appar med å forstå korleis folk brukar tenestene deira. Dette verktøyet kan bruka eit sett med informasjonskapslar for å samla informasjon og rapportera statistikk om bruk av nettstadar, utan at Google kan sjå kven som er på fjaerland.org. Hovudinformasjonskapselen som vert brukt av Google analytics heiter «__ga».
I tillegg til å rapportera statistikk om bruk av nettstader, kan Google analytics òg brukast saman med nokon av informasjonskapslane for reklame som er skildra ovanfor, for å visa meir relevante annonsar i Google-tenester (som Google søk) og på internett generelt.
Ved å bruka fjaerland.org, godtek du at vi set infokapslar i nettlesaren din.
Du har til kvar og ei tid høve til å trekkja tilbake samtykket ditt, eller sletta infokapslane. NRK har hjelp til deg som vil sletta infokapslane.