Logo Fjaerland
www.sognefjord.no

  ENGLISH
  DEUTSCH

START


OM FJÆRLAND

ATTRAKSJONAR

AKTIVITETAR

ARRANGEMENT

OVERNATTING

SERVERING

TRANSPORT

VÊR & KLIMA

LENKJER

SISTE NYTT

Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
info-at-fjaerland.org

Destination Fjord Norway

Siste nytt

Isbjørn på Norsk Bremuseum
No har Bremuseet fått ein utstoppa isbjørn.
Sjå lenkja nedanfor for meir informasjon.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Barnebokbyen er nominert til årets kulturidé 2013
Barnebokbyen og Leseland i Den norske bokbyen er nominert til årets kulturide i Sogn og Fjordane 2013!
Les meir om dette på lenkja nedanfor.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fylkesmagasinet skriv om Bokbyen 2013.
Les artikkelen på linken nedanfor.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Bremuseet lagar mammutpark
Snart kjem det mammutar til Fjærland.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Bremuseet i the Mountain Gazette
Sjå lenkja nedanfor

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Sjå filmsnutt frå Den norske bokbyen 2012, på lenkja nedanfor!

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fylkeskulturprisen for 2011 gjekk til Claus og Kari i Bokbyen.
Kari og Claus Kvamme, grunnleggjarar og primus motor i bokbyen, har fått fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane!
Som hovudutvalsleiar Nils Gjerland seier: «Det er eit heilt spesielt prosjekt Kari og Claus Kvamme har dratt i gang med bokbyen i Fjærland. Etter å ha vurdert dei mange gode kandidatane, var dette eit enkelt og godt val til slutt.»

Les meir på lenkja nedanfor.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fjærlandsbommen vert museum
Bomstasjonen og telefonkiosken i Mundal skal verta museum. Bokbyen og sogelaget skal laga eit mini-samferdslemuseum, vonleg til sumaren ein gong. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane på lenkja nedanfor.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Her er Freeski-TV fra Norge med innslag frå Fjærland!
Ein sundag i vinter kunne me sjå nokre personar som stod på ski i Orabukti i Fjærland. Dette har nå vorte ein filmsnutt i samband med Fjellsportfestivalen.
Avtroppande Fjellsportfestivlasjef Tor Yttri seie at “Fjærland er staden!Fjærland har eit uforløyst potensial som me må gjera noko med.” og legg til at “Fjærland har det aller, aller meste.”

Gå til lenkja nedanfor for å sjå resultatet.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Ferjetur på Fjærlandsfjorden.
Filmsnutt frå M/F Skånevik,som trafikkerar Fjærlandsfjorden om sommaren.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fjærlandsbommen flytta til Bokbyen
No er Fjærlandsbommen flytta til ferjekaien og her skal bokbyen lage ein minimuseum.

Bombua som har stått på Fjærlandsvegen sidan 1994 har krevd inn mange kroner frå dei stakkars bilistane som har passert.

I løpet av morgontimane i dag (27/6) vart bombua rive laust frå vegbana på riksveg 5, og flytta til bokbyen i Fjærland.

Sjå lenkje under for TV-innslag og bilete.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Oppdrag Sognefjorden i Fjærland.
På linken nedanfor kan du sjå episoden frå Oppdragen Sognefjord, som blei spelt inn i Fjærland. grafikk/216.jpg
Foto:Trond J.Hansen

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Dokumentar om Fjærlandsbommen
Rolv Bjelde går inn i si siste vakt i bomstasjonen 25/11 kl 14.43. Dokumantaren “Siste vakta i Fjærland” blir sendt på NRK1 måndag 4. april klokka 20.45.

Medan alle rundt han gler seg til den dyre fjærlandsbommen skal forsvinne, er leiande bombetjent Rolv Bjelde litt meir skeptisk. Etter 14 år i bommen er det mykje han vil sakne.

NRK er med på dei siste vaktene før Fjærlandsbommen stenger. Rolv Bjelde tel ned til den siste vakta og tenker gjennom alt han har opplevd frå den vesle gule boksen det har kosta 180 kroner å passere.

Med på kjøpet har Rolv alltid gitt småprat om ver, vind og det som går føre seg langs vegen.

For denne jobben har vore langt meir sosial enn enn dei fleste trur. No ventar pensjonistilværet, og eit farvel til dei vegfarande han har vorte så knytt til.

«Den siste bomvakta» er laga av reporter Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas i NRK Sogn og Fjordane.



 

Bommen blir i bygda
Bombui blir i Fjærland! Les meir hjå Bokbyen, sjå link nedanfor.
No er det om å gjera å få flytt bui og teke henne i bruk.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Bomfall i Fjærland
Fjærlandsbommen er borte for alltid.
26.november 2010 var siste dagen med bompengar for dei som ville vitje Fjærland. Ein epoke med ein dyr bompengeavgift er no blitt historie!

 

Fjærland i selskap med New York, Paris, London og Sao Paulo
Vesle Fjærland er komen i eksklusivt selskap på ei internasjonal nettkåring over beste og mest uvanlege stadene å gjere julehandelen.

grafikk/035.jpg
Foto:Trond J.Hansen
Turistnetstaden virtualtourist.com har kåra Fjærland som ein av stadene i verda der du kan få særprega jolegåver. I konkurranse med butikkar frå heile verda kjem Bokbyen på 4. plass med sine 250.000 bruktbøker fordelt på 12 ulike utsal.

Heile saka les du på lenkja nedanfor.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Idérik bygd sett pris på
Fjærland fekk høgthengjande pris på fylkestinget. – Vist seg som ei kreativ bygd. Noko av forklaringa for tilflyttarar og nye idear. Gjennom bokbyen har gamle bygningar blitt teke i bruk og teke vare på. Rundballefestivalen er blitt eit varemerke, sa leiar i utval for plan- og næring, Kjartan Longva (Ap). Han meiner at bygda blir som ein kontruktiv motspelar til utviklingsarbeidet i kommunen. Set pris på å kome til ei velstelt bygd som er open for alle.



grafikk/DSC_0220-100x150.jpg
14.desember 2010, mottok Bygdautvalet ved leiar Hans I. Haugen, Eline Orheim og Jo Marius Bøyum prisen, og fekk stor applaus frå ein fullsett fylkestingssal for sin innsats for lokalsamfunnet i Fjærland.

Tekst: Geir Bjarte Hjetland/Sogn Avis

 

Damer frå Fjærland modellar for tysk motemagasin.
Motemagasinet Brigitte frå Hamburg har valt seg ut Fjærland, Bokbyen for å ta bilete til presentasjonen av årets haustkolleksjon. Modellane er lokale damer frå Fjærland i alle aldrar.
grafikk/FotoGaute Bøyum.jpg
Foto:Gaute D.Bøyum
13 damer stilte opp og blei fotografert på ulike stader i Bokbyen, i Mundal. Bladet ville ikkje ha for mange ungdommar, men deriomot ulike damer i ulike aldrar med ulike fasongar.

I septemberutgåva av Brigitte får me sjå resultatet, som er pakka inn i ei større reportasje om Bokbyen.

 

Fjord Norge kåra som verdas beste reisemål!
National Geographic har for andre gong kåra Fjord Norge regionen til verdas beste reisemål. Fjord Norge fekk 85 av 85 mulige poeng. grafikk/004forminsking.JPG
Foto: Trond J. Hansen- Fjærlandsfjorden 2008
133 av verdas beste reisemål deltok i den omfattande undersøkinga, utført i 2009 av 437 ekspertar frå National Geographic.

Spesielt evna til å ta vare på den spektakulære og unike naturen, samt sikre eit levande fjordlandskap med busetjing og ekte kultur blir fremheva som viktige grunnar for seieren.

Sjå lenkja nedanfor for resultater frå undersøkinga.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fjærland- blant Norges mest romantiske reisemål
Fjærland havna på 10 på topp lista over Norges mest romantiske reisemål! grafikk/mundal1-Magnhildmin.JPG
Foto:Norsk Bremuseum
I April 2009, kåra bladet, Reiser og Ferie, dei 10 mest romantiske reisemåla i Norge og Fjærland havna som nummer 9 på lista. Det var den vakre naturen kombinert med følelsen av at verda står stille i Fjærland, som gjorde at bygda vart utpeikt til eit særs romantisk reisemål.

 

Rudy blogger om Fjærland

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Opp igjen


Fjaerland reiselivslag 2010 - webmaster: post'at'sprak-og-data.com