Logo Fjaerland
www.sognefjord.no

  ENGLISH
  DEUTSCH

START


OM FJÆRLAND

ATTRAKSJONAR

AKTIVITETAR

ARRANGEMENT

OVERNATTING

SERVERING

TRANSPORT

VÊR & KLIMA

LENKJER

SISTE NYTT

Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
info-at-fjaerland.org

Destination Fjord Norway

Attraksjonar

BøyabreenUtløpar av Jostedalsbreen. Lågaste punkt 150 m o.h. Isen i brefallet sig nedover fjellsida med ein fart på om lag 2 m per dag. Lett tilkomst med bil/buss, om lag 10 km frå ferjekaien.
grafikk/211minTJH.JPG
Foto:Trond J.Hansen

Bøyaøyri naturreservatBøyaøyri er eit elvedelta der det til saman er registrert 100 fugleartar. Viktig kvile- og hekkeområde for trekkfugl. Fuglekikartårn.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Bøyaøyri naturreservat.jpg
Bøyaøyri naturreservat

Den norske bokbyenDen norske bokbyen består av 12 sjarmerande bokutsal med omkring 250.000 brukte bøker. Nokre av bokutsala er kombinert med kafe, husflidsutsal og kunstgalleri.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/A.C.Eriksen(www.gjemmestedet.no).jpg
Foto:Trond J.Hansen(www.gjemmestedet.no)

Fjærland kyrkjeFjærland kyrkje blei bygd i 1861 (ombygd i 1931). Altartavle frå 1931, måla av Bernt Tunold. Kyrkja er ope mellom kl. 10 og 18 frå juni - august.
grafikk/FotoFjærland kyrkje.jpg
Foto:Fjærland kyrkje

FjærlandsfjordenFjærlandsfjorden er ein 30 km lang sidearm av Sognefjorden. Turen med båt frå Balestrand blir rekna som ein av dei vakraste i Noreg.

Det er M/S Skånevik som går på fjærlandsfjorden i 2010. Ferja er frå 1967 og er freda. Det er høve til å kjøpe seg mat og drikke ombord. Ferja går mellom Balestrand, Hella og Fjærland, ein gong dagleg i mai og september, 2 gonger dagleg i juni, juli og august.

Ein kan kjøpe billetter på ferja, kort og kontant. Forhandstinging på www.discoversognefjord.com eller turistkontora.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Foto,E.Hjellum.jpg
Foto:E.Hjellum

FlatbreenDel av Jostedalsbreen, om lag 1000 m o.h. Like ved ligg Flatbrehytta, ei ubetjent hytte med 18 overnattingsplasser. Det går tursti frå Supphelledalen (ved Øygarden) opp til Flatbreen.
grafikk/Brefallet til Supphellebreen.jpg
Brefallet til Supphellebreen

GalleriKunstgalleriet i Mundal ligg på Bok og Bilde er i same bygninga som turistinformasjonen.Ope dagleg kl. 10-18 i månadene mai - september.

Hotel MundalDet ærverdige trehotellet, Hotel Mundal i sveitsarstil, blei bygd i 1891 og er eit av dei få attverande trehotella i landet. Hotellet er ope mai - september.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/089minTJH.JPG
Foto:Trond J.Hansen

Jostedalsbreen nasjonalparkJostedalsbreen nasjonalpark har ei stor spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell. Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastland og er vel 80 km lang. Nasjonalparken blei oppretta i 1991 og om lag halvparten er bredekt.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Foto,Finn Loftesnes og tom Dybwad.jpg
Foto:Finn Loftesnes og Tom Dybwad

Norsk BremuseumNB! Bremuseet er ope som vanleg på 17.mai, frå kl.10-16.

Eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om is, snø, landskap og klima på ein ny og spennande måte. Gjer dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Jostedalsbreen. Panoramafilm laga av Ivo Caprino og ny opplevingsutstilling frå 2007 om klimaendringar. Museet er teikna av Sverre Fehn og blei opna av H.M. Dronning Sonja i 1991.

Eiga vevside
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

grafikk/Per Backe-Hansen.JPG
Foto:Per Backe-Hansen

SupphellebreenDen lågastliggjande breen i Sør-Noreg, berre 60 m o.h. Breen blir halde i live av isras frå Brefallet til Flatbreen, 800 m høgare oppe i fjellsida. Kvart år rasar det ned om lag 2 mill. tonn is. Lett tilkomst med bil/buss, omlag 10 km frå ferjekaien.
grafikk/201minTJH.JPG
Foto:Trond J.Hansen.

Opp igjen


Fjaerland reiselivslag 2010 - webmaster: post'at'sprak-og-data.com