![]()
![]()
Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
![]()
Fotoveka på Hotel Mundal. 06.09. - 11.09.2010 Foredrag og workshops med internasjonalt kjende fotografar! Utstyrsleverandørar visar og stillar ut det siste nye. Disse kjem for å dele av sin rike erfaring: --> Lenkje til arrangementet |
Kriminell septemberhelg i Bokbyen. 17.09. - 19.09.2010 17.-19. september er det duka for uskuldige, men likevel avanserte krimgåter i Fjærland. Bryn intellektet ditt mellom kilometervis av bøker i bokbyen: Kven blir myrda, kven er den skuldige, og kva har eigentleg skjedd? Me kan sjølvsagt ikkje sjå inn i framtida og avsløra kva som vil skje. Det me veit, er at Fjærland vil vera åstad for krimgåter denne helga. Truleg vil nokon av gjestene på hotellet bli myrda. Kanskje finst det spor rundt i bokbyen, og moglegvis vil ein skarp tilskodar kunna løysa gåta. Sannsynleg er det at mordaren vil bli konfrontert og endeleg avslørt av dei fremste norske ekspertane på krim i radio og romanar. Heilt sikre på alt dette kan likevel berre dei vera som kjem til Fjærland 17.-19. september. --> Lenkje til arrangementet |
![]()